Folk mister no trua på at Sande Fastlandssamband kjem. I tillegg avdekte møtet i Sande kommunestyre stor frustrasjon over at det igjen er ustabile ferjetilbod, skriv Vestlandsnytt.

- "Austevoll" held ikkje mål på Larsnes-sambandet, sa varaordførar Helge Støylen i kommunestyremøtet.

Til den årlege saka om rutineinnspel kom det fram mange hjartersukk under siste møtet i Sande kommunestyre.

- Dårlege ferjer, lite framdrift i saka om fastlandssamband. Elendig samhandling til og frå Vigra flyplass var blant sukka.

Og Venstre-representant Einar Ekroll innleie med å slå fast at han nærast har angst kvar gong han skal ta buss frå flyplassen på Vigra.

Han fekk støtte frå Inge-Jonny Hide (H): - Det er heilt forferdeleg det som skjer på Vigra, sa han  - og sikta til busstilbodet.

- Ingen bryr seg om dei bussreisande. Her står det foreldre med små born og utlendingar som ikkje anar noko om korleis dtte fungerer. Dt utspelar seg ein komedie på venteplassen utanfor flyplassen, sa Hide.