Miljødirektoratet har delt ut 150 millionar kroner til klimatiltak over heile landet. Summen blir fordelt på 124 kommunar og 170 prosjekt. På Nordvestlandet får seks kommunar og to fylkeskommunar til saman 8,75 millionar kroner i støtte til lokale miljøtiltak. Klimastøtte:

Hareid kommune står ikkje oppført med midlar til noko prosjekt. På Sunnmøre er det kommunane Ørsta, Ålesund, Ørskog og Ulstein som har fått tilslag på søknadene sine.

Dei tre prosjekta som Ulstein har fått midlar til er klimavennlege materiale i Ulstein nye kyrkje (3 mill. kr), ein ladestasjon for elbil (200.000 kr) og el-syklar og til ein fortettingsplan, områdeplan for Ulsteinvik (175.000 kroner.)

Totalt kom det inn 323 søknader, og 170 fekk positivt tilslag.