– Dette er veldig frustrerande, seier Daniel Eid då Vikebladet Vestposten møter han på treningssenteret fredag formiddag. Dagen før prøvde han seg i kampen mellom Hødd2 og Skarbøvik, men måtte gje seg etter ti minutt.

– Eg kom i ein duell, ein mot ein. Så fekk eg eit spark i venstre ankel og kjende med ein gong at dette ikkje gjekk bra. Eg var faktisk litt lei meg, fortel han.

Dermed må han sjå langt etter eit comeback på a-laget.

Ankeltrøbbel

Det er altså den venstre ankelen som har vore og framleis er problemet. Attenåringen seriedebuterte for Hødd sitt a-lag mot Vard i opningskampen i år. I kampen mot Fana gjekk det gale, ankelen fekk ein smell. Skaden var lenge uavklart.

– Eg har fått ulike beskjedar, altå frå brot til nesten brot. Men det er truleg snakk om betennelse og brest, og snart skal eg på MR-undersøking, seier Daniel Eid.

Kan ikkje spele

I dag, laurdag, spelar Hødd sitt juniorlag mot Molde i tredje runde i cupen. Daniel Eid var aktuell for kampen, men det må han no berre droppe.

Heller ikkje andredivisjonskampen mot Byåsen på Høddvoll søndag er aktuell for attenåringen.

– Det er ganske tøft, dette. Eg vil så gjerne spele fotball. No må eg berre trene alternativt og halde motet oppe, seier han.

Han fortel at han har trent godt siste veka og at han hadde sett fram til å spele fotball igjen.

– No klarer eg ikkje ein gong å jogge skikkeleg. Men, men, det er vel ein del av gamet, dette også.

Urke utestengd

Far og trenar Sindre Eid meiner han og laget har god kontroll før kampen mot Byåsen søndag.

– Slik det ser ut no, fredag formiddag, er vi der vi skal vere, seier han.

Hødd stiller utan førstekeeper Jan Lennart Urke, som fekk tre kampar utestenging etter det raude korte i kampen mot Vindbjart sist helg.

Ole Monrad Alme skal difor vakte målet søndag, medan Sivert Pieroth er reservekeeper.

linda@vikebladet.no