– Det er faktisk skikkeleg slurvete å klare å gløyme så mykje.

Fem av jentene i sjuande klasse på Ulsteinvik barneskule er samrøystes når dei ser haugen med attgløymde klede på skulen.

– Eg ser ingen ting her som er mitt, for eg brukar ikkje å gløyme tinga mine, seier Anny Molvær.

– Merk kleda!

Kleda som no ligg igjen på Ulsteinvik barneskule har hopa seg opp berre det siste halvåret. Kleda er samla i ei stor trekasse, og inspektørane Karen Strand og Brita Hofseth Hatløy er i gang med å brette og legge fram alt på eit bord i gangen.

– Du ser, det er fine ting, seier Hatløy. Ho finn ei rekkje Høddgenserar, bukser, ytterjakker og genserar. Dei to er samde om at dette vitnar om eit overflodssamfunn.

Både Strand og Hofset har ei klar oppmoding til foreldra:

– Merk kleda! Då er det enkelt å finne eigaren.

Også på dei andre skulane på Hareidlandet må dei hanskast med haugar og dungar med eigarlause klede.

Inspektør på Ulstein skule, Marit Ulstein Tronstad, seier at det nok ikkje berre er elevane på skulen som gløymer det dei eig, sidan skulen vert brukt til fritidsaktivitetar på kveldstid.

Også på skulane på Hasund og Haddal ligg det igjen ting som ingen ser ut til å eige. Sjølv etter å ha oppmoda foreldra om å ta ein ekstra sjekk, ligg det mykje igjen.

Oppsamling før feriane

Ved Bigset skule fortel rektor Viviann Johansen at dei prøver å legge attgløymde klede ut på eit bord før kvar skuleferie, i håp om å finne eigar til kleda. – Vi går også ei runde i klasseromma, og spør om nokon kjenner att kleda, fortel ho.

Inntrykket hennar er at foreldra er flinke til å merke kleda i 1. og 2.-klasse. Det heng truleg att frå barnehagetida, men så glir det ut.

– No har vi ein sekk med eigarlause klede. Den vil bli levert i Fretex-container, fortel rektoren.

I eit kjellarrom på Hareid skule hopar det seg til tider opp både 6–7 bossekker med attgløymde klede.

– Vi brukar å henge attgløymde klede opp på ei knagg-rekke, og så oppmode foreldra og elevane om å sjå etter om dei eig noko av tøyet. Men det i grunnen sjeldan noko blir henta. SFO får plukke ut noko av det til reserveklede, resten går til Fretex, fortel rektor Hege Tretnes.

Og situasjonen er den same ved Hjørungavåg skule. Rektor Cecilie Bjørlykke fortel at dei har ei kasse som er merka med «kven eig dette?». – Men det er svært sjeldan det blir henta noko ut av kassa. Vi lever nok i eit overflodssamfunn. Barna veit knappast kva dei eig. SFO får noko til reserveklede, og så sender vi resten i klescontainer.

Til Frelsesarmeen

Trøysta er at det ser ut til å betre seg når borna startar på ungdomsskulen. Rektor Leon Romestrand på Ulstein ungdomsskule seier at dei har EI attgløymd jakke frå ein aktivitetsdag, og det er det. – Kanskje elevane vert meir strukturerte når dei kjem på ungdomsskulen?, spør han.

Tilbake på Ulsteinvik barneskule har dei fem jentene i sjuande klasse funne ut at kleda ikkje må kastast.

– Kleda bør gjevast til Frelsesarmeen, foreslår Leah Oline Amundsen, som vedgår at ho eigentleg er litt gløymsk- men at ho ikkje brukar å gløyme ting på skulen.

Dermed kan Fretex og andre som driv med kleinnsamling truleg sjå fram til overfylte containerar på Hareidlandet.