Etter initiativ frå ordførarane i Hareid og Ulstein har rådmennene i dei to kommunane bede brannsjefane om å gjere ei fagleg utgreiing om brannvernsamarbeid mellom Ulstein og Hareid.

Brorparten av politikarane i kommunestyret var positive til å gå for avtalen på dette møtet, med nokre små endringar. Folkelista og Kjetil Nesset prøvde å få utsett saka til neste kommunestyremøte, då dei ønskte å handsame saka saman med saka om vertskommune-samarbeid om felles NAV-kontor. Utsetjingsforslaget til Folkelista fekk 5 røyster for og 16 mot, og fall.

Fellesforslag vann fram

Truls Håbakk kom så fram på talarstolen og presenterte eit fellesforslag for Høgre, Venstre og Framstegspartiet. Eit fellesforslag om eit tillegg til punkt fem i avtalen, som omhandla materiell, utstyr og køyretøy.

– Hareid kommunestyre føresett at utstyr som i dag er lokalisert på Hareid brannstasjon og utstyr som er lokalisert på Ulstein brannstasjon blir verande på dei respektive brannstasjonane. Det i tillegg til at framtidige investeringar bør delast likt mellom brannstasjonane, stod det i fellesforslaget.

Dette blei samrøystes vedteke, og rådmannen si tilråding blei vedteke med 20 mot 1 stemme.