– Det var eigentleg ganske tilfeldig at eg byrja med friidrett. Eg byrja samstundes som venane mine, fordi det var gøy, og fordi dei gjorde det. Men eg fann jo etter kvart ut at eg hadde eit visst talent, seier Karsten Warholm på telefon frå Vaasa i Finland, der han deltek i lag-NM for det norske landslaget i friidrett i helga.

Han er ikkje i tvil om kven som skal ha ein solid porsjon av æra for at han er der han er i dag.

– Venane mine og trenarane mine i Dimna IL har gitt meg den oppfølginga eg har trengt, og eg har vore i eit miljø som har stimulert meg, over tid. Utan dei hadde eg aldri vore her eg er no, og eg takkar dei alle av heile mitt hjarte. Så har eg heldigvis ikkje opplevd så mange tilbakeslag så langt i karrieren, eg har heldt meg skadefri, seier Karsten.

Ynda intervjuobjekt

Norsk friidrett sin nye «wonderboy» har gått frå å vere den vesle guten på 11 år som masa om at underteikna måtte ta bilete av han under Dimnaleikane for 10 år sidan, til å bli eit ettertrakta intervjuobjekt for dei fleste store sportsnyheitskanalane i verda.

– Ha ha, eg hugsar det der. Men det er ein del år sidan no. I dag blir det så stor pågang andre vegen at det nesten blir litt for mykje, seier Warholm flirande.

Med eit kanonløp på 400 meter flatt i Florø, der han smadra sin eigen norske rekord, og to superløp på 400 meter hekk, først på Bislett stadion og så på Stockholm stadion, der han hadde god kontroll på verdseliten, har Warholm for alvor kome seg opp på stjernehimmelen i internasjonal friidrett.

– Det har vore ei ganske spesiell tid. Og sjølvsagt kjempegøy! Spesielt i Florø og på Bislett, der eg føler eg fekk full utteljing. Det er herleg når ein lukkast på denne måten. Men de skal seiast, det har vore mykje trykk dei siste vekene også. Totalpakken har vore slitsam. Men, eg nyt det også.

– Ikkje nok timar i døgnet

Mamma Kristine har saman med pappa Mikal vore ein del av Team Warholm i fleire år allereie. Men det er mamma som tek seg av dei mange telefonane og mailane frå aviser og TV-stasjonar.

– Eg skulle gjerne snakka med alle som spør. Men det er rett og slett ikkje nok timar igjen av døgnet. Eg må ha det på eit slikt nivå at prestasjonane blir det viktigaste. Mamma si hjelp er heilt uvurderleg, og gjer at eg får ro. Det er godt å ha folk i teamet rundt meg som er stolar på, og som eg kjenner.

Karsten ønskjer ikkje å nytte ordet «kjendis» om seg sjølv, men innser at han spesielt etter superprestasjonen på Bislett har blitt meir kjend blant nordmenn.

– Eg merka det etter Bislett. Det var ein liten vekkjar. Men, eg prøvar å halde meg solid planta på bakken, og vere meg sjølv, seier han.

Det store målet for årets sesong er U23-EM, men også VM ventar for Warholm.

– Eg har gode tankar om både EM og VM, og håpar eg kan prestere godt også der.

Lever ut draumen

Dei mange store opplevingane Karsten har hatt dei siste dagane gjer eigentleg hovudpersonen – om mogleg – delvis mållaus.

– Det enklaste hadde jo vore å springe sakte, men det har ikkje vore noko alternativ. Det har ført meg hit i dag, og det har ført til at eg får leve ut draumen min. Eg gler meg til fortsetjinga, seier han til slutt.