I samband med det haldningsskapande arbeidet MOT i ungdomsskulen vert det kvart år kåra modige førebilete i 9.klassene ved Ulstein ungdomsskule.

- Det er mange gode førebilete ved ungdomsskulen. Den som vert kåra frå kvar 9.klasse, er den personen som flest klassekameratar og kontaktlærarar meiner passar aller best som eit modig førebilete, forklarar MOT-koordinator Marie Flatin.

Årets modige førebilete er Anne Maria Langnes (9A), Lina Dorthea Solheim Stave (9B), Frida Flø (9C), Iver Fiskaa Ødegård (9D) og Sanne Kleven (9E).

Dei fem, som etter sommaren startar i 10. klasse, set stor pris på utmerkinga dei har fått:

- Kjempekjekt, samstemmer dei.

Robust ungdom

MOT-besøka meiner dei fem modige førebileta er ei god påminning om korleis ein skal vere mot kvarandre.

- Nettopp det å ta eigne val og våge å skilje seg ut frå «flokken» er ein del av hovudessensen med det haldningsskapande MOT-arbeidet. Med MOT er målet vårt å skape robuste ungdommar som inkluderer alle, seier MOT-koordinator Marie.

Det aktuelle Mot-besøket der elevane stemmer på kven dei meiner er eit modig førebilete handlar om kva som kjenneteiknar eit godt førebilete.

- I nokre klasser kan det vere eit soleklart fleirtal for ein elev, medan det i andre klasser er fleire som får mange stemmer. Det viktige er at ungdommane er bevisste på kva slags verdiar som kan gjere oss alle til modige og gode førebilete, avsluttar MOT-koordinatoren.