Mot slutten av kommunestyremøtet torsdag i førre veke gjekk kommunestyrerepresentant Ottar Røyset fram på talarstolen. Han presenterte eit tillegg til saka om lokal forskrift om rett til sjukeheimsplass, eller tilsvarande bustad med heildøgnstenester.

– Høgre ser på det som ei viktig prinsipiell sak at vi får med sambuargaranti som tillegg til denne føreskrifta, sa Røyset til kommunestyret.

Etter Oslo-modellen

Ottar Røyset fortalde frå talarstolen om ei sak som nyleg kom fram i Sunnmørsposten, om Marie (91) og Einar Ertresvåg (93) som blei skilde av kommunen etter 62 års ekteskap. Det skjedde då Marie sin tilstand blei så forverra at ho blei flytta frå korttidsplass på Volsdalen bokollektiv der ho var med ektemannen, til nye Hatlane omsorgssenter.

– Dette er diverre ikkje fyrste dømet vi har kunne lese om. Helseminister Bent Høie har sagt at ein ikkje treng å lovregulere sunn fornuft, og at det burde vere ein sjølvfølgje at ektepar som har levd saman heile livet, også kan få bu saman når dei treng hjelp frå kommunen, sa Røyset.

Oslo kommune har praktisert sambuargaranti sidan 2011, og det har vore tre til fire ektepar årleg som ynskjer å nytte seg av denne ordninga.

– Dette vil ikkje gje store utslag i kostnadar, men det vil vere utruleg viktig for dei som ynskjer å bu saman sine siste år, seier Ottar Røyset.

– Innanfor fristen

Røyset fortalde at Hareid kommune handsama lokalforskrifta i mai, med høyringsfrist til 15. mai.

– Nasjonalt er fristen sett til 30. juni, og eg meiner difor at dette punktet må vi kunne få jobba inn sjølv om fristen, som vi har sett lokalt, er ute.

I forslag til vedtak stod det å lese at Hareid kommune skal innarbeide sambuargaranti etter Oslo-modellen. Forslaget frå Høgre blei samrøystes vedtatt i kommunestyret.