Nav Møre og Romsdal ønskjer at Nav-kontora i Hareid og Ulstein skal ha fellesplassering. Ikkje slik som i dag, då det er Nav-kontor i begge kommunane.

Saka skal til handsaming i både Ulstein og Hareid kommunestyre over sommarferien.

Ordføraren i Hareid har tidlegare uttalt at han meiner det er naturleg at eit felles Nav-kontor blir plassert i det nye Helsehuset som skal reisast i Hareid sentrum.

Førre torsdag var eit felles brannvern oppe i Hareid kommunestyre. Kjetil Nesset (Folkelista) ville utsette saka og sjå ho i samanheng med felles Nav-kontor, men han fekk ikkje fleirtalet med seg.

Administrasjonen av det nye, felles brannvernet for Ulstein og Hareid skal leggjast til Ulsteinvik.

Brannstasjonane i begge kommunane skal vere operative.Fell