Dei fleste familiar har nok ei kunstnarisk sjel blant seg, men det er nok ikkje så mange som har opp til fleire. Opphavleg var det fire kusiner i Seljeset-familien som hadde ein tanke om å gå saman og arrangere ei salsutstilling heime i Ulstein, men då eine ikkje kunne, blei det i staden tre som gjekk saman – derav det høvelege namnet på utstillinga; «Tre kusiner».

Kusinene det er snakk om er Kristin Seljeset, Vera Seljeseth Lindgren og Scarlet Menk. Kristin blei fødd og vaks opp i Ulsteinvik, men bur no i Ålesund. Vera blei fødd i Larvik, men bur no i Bø i Telemark. Scarlet blei fødd i Oslo, men bur no i Ullensaker.

– Det blei snakka om i lengre tid at sidan vi hadde fire biletkunstnarar i familien, så måtte vi nesten få til ei felles utstilling. Vi bur på kvar vår kant av landet, så det ville ikkje bli lett å få det til. Men, i fjor sommar kom vi fram til at vi ønskte å gjere eit forsøk, og at det måtte bli på Flø, kring jonsokhelga, fortel Kristin Seljeset til Vikebladet Vestposten.

Kombinerer med slektstreff

Kusinene gjorde som ein no kan sjå på Flø Feriesenter, alvor av draumen, og køyrde like godt på med å få i stand eit slektstreff for Seljeset-familien i same slengen.

– Det er slik no til dags, familien er spreidde for alle vindar, og bur i alle krikar og krokar av landet. Då er det ekstra godt å samlast. Det gir oss som kunstnarar positiv energi å ha familien vår rundt oss, seier Scarlet Menk.

Sjølv om alle dei tre bur andre stader enn i Ulstein, passar dei på å kome «heim» så ofte dei får det til.

– Pushwagner har jo vore her!

Flø har blitt eit ynda mål for kunstelskarar, mykje takka vere Studio Hugo Opdal.

– Altså, når Pushwagner har stilt ut kunsten sin her på vakre Flø, så må nesten vi også gjere det, seier Vera Seljeseth Lindgren flirande.

Utstillinga i andre etasje på Flø Feriesenter er den første utstillinga som har vore her, og opna søndag ettermiddag.

– Den blir open nokre timar for dag, fram til torsdag. Alle som vil er velkomne, og her kan ein finne noko for ein kvar smak, seier Kristin Seljeset til slutt.