Litt før klokka 13.00 måndag køyrde ein bil utfor vegen ved Hasundkrysset. Det var berre ein person i bilen, og vedkomande kom ikkje til skade.

Brannbilen frå Ulsteinvik rykte rutinemessig ut, og kom gjennom sentrum med ulande sirener. Mange lurte nok derfor på kva som hadde skjedd.

Heldigvis var det ikkje noko alvorleg denne gongen.