I morgon, onsdag 28. juni, inviterer Ulstein kommune til tur til Ishavsmuseet i Brandal. Turen er i samband med Den kulturelle spaserstokk. Der skal pensjonistane få guida omvisning og dei skal ete middag før dei returnerer.

Det har berre oppstått eitt problem. Handicap-drosja til Ulstein taxi er mellombels ute av drift, så kulturkonsulent Annika Brandal går i kveld ut og lurer om nokon kan hjelpe? Har du handicap-bil med plass til ein rullestol og har høve til å køyre ein tur mellom Ulsteinvik og Brandal i morgon, aller helst tur/retur, set ho stor pris på om du kontaktar henne.