– Åå, eg er så nervøs!   Det er berre nokre minutt igjen til Wioleta Bialak-Sikon skal synge offentleg på norsk for første gong.

Staden er stova i Holsekerdalen 20 i Ulsteinvik og publikum har stort sett brukt rullator for å kome seg til konsertarenaen. Wioleta skal synge saman med Birgitte Vik Wymer, som er songlærar på kulturskulen både i Ulstein og Herøy.

– Vi har sunge saman i rundt eit år, fortel Wymer.

Frå Polen

Det heile starta ganske tilfeldig. Wioleta kom til Ulstein for to år sidan, fordi mannen hennar fekk jobb som elektrikar her.  Ho starta på norskkurs, men syntest det var vanskeleg å få skikkeleg tak på norske språket.  Også mannen hennar og mannen til Birgitte, som er engelsk, gjekk på norskkurs, og det var dei to som fann ut at konene hadde noko til felles, nemleg å synge.

– Det siste halvåret har vi konsentrert oss om å synge på norsk, og det er lett å vere lærar for ein så flink elev, fortel Wymer.

– Ja, det er mykje lettare å lære språk ved å synge, fordi ein brukar vokalane meir i song, forklarer Wioleta.

Sopran

30-åringen er sopran og kjem frå byen Zywiec sør i Polen. Der har ho jobba som engelsklærar og også studert musikkterapi.

Birgitte Vik Wymer er frå Dimna, men budde i England i over tjue år sidan før ho kom heim for to år sidan.

– Mange vil nok seie at det er litt ironisk at eg skal lære andre norsk, ler Wymer, som sjølv ofte må leite etter dei norske orda.

– Men i det siste har eg i alle fall byrja å tenkje på norsk, det er vel eit godt teikn, seier ho.

Konsert

Klokka viser at det er klart for konsert. På rekkje og rad kjem det songar som Danse mot vår, Blå salme og Vestlandet.

– Ekje ho flink i norsk, vel?, utbryt Wymer midt i konserten.

Og det er klart, når Wioleta klarer linjer som «mens sanktshansormer gløder grønt» (frå Blå Salme av Erik Bye), så slår publikum fast at jau, visst er ho flink i norsk.

Når det heile er over kjem frå ein publikummar:

– Når kjem dokke igjen no då?

Betre skottsmål enn det er de vel ikkje mogleg å få.

– Vi kjem tilbake til jul, lovar dei to songarane.