Tidlegare i juni skrive vikebladet.no at Maersk utsette levering av fire ankerhandteringsfartøy. Nokre ville bli permitterte, men det var uvisst kor mange, og i kva avdelingar.

I ettermiddag skriv Sunnmørsposten at mellom 10 og 15 tilsette vil bli permitterte ved Kleven Verft som følgje av utsetting av Maersk-kontraktane. Kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund seier at det kan bli snakk om fleire permitteringar.

Godt samarbeid

I mars i år var det dåp for den første av dei seks bestilte skipa til Mearsk frå Kleven. Då var stemninga god, og Peter Jacobsen i Maersk rosa det gode samarbeidet mellom Kleven og Maersk.