Kyrkjeverja i Ulstein har vurdert tre ulike alternativ på Osneset.

I samband med rullering av kommuneplanen, må Ulstein kommune ta stilling vil kvar dei vil utvide eller byggje ny gravplass. Eksisterande gravplass byrjar fyllast opp, og kommunen må sjå seg om etter meir areal.

I 2008 diskuterte kommunestyret om det kunne vere eit alternativ å etablere ny gravplass på Eidet, i Hasund, i Hovsetmarka eller i Holsekerdalen, men det vart avvist.

I 2012 vedtok dei at det er tilstrekkeleg å utvide eksisterande gravplass nordover.

Ikkje tilstrekkeleg

Kyrkjeverja skriv i analysen sin at det mest optimale er tomta på nedre Osnes (1,15 på kartet), men det er ikkje tilstrekkeleg. Det er på 8600 kvm.

Arealbehovet om dei utvidar eksisterande gravplass er på 10 688 kvm dei neste 30 åra, 15 750 kvm dei neste 40 åra.

Om ein etablerer ein ny gravplass treng dei ekstra areal, for å få på plass ny infrastruktur som parkeringsplass, driftshus, vatn osb. Då er det snakk om 11 970 kvm og 17 640 kvm.

Tal på gravferder per år vil stige med 50 prosent i eit 30-års perspektiv.

For å få med meir areal til dette alternativet, kan ein ta med 1/3 av området merka I, 14 og bruke arealet mellom vegen til hyg\belhusa (Smestad). Då vil alternativ 1 stette kravet for dei neste 30 åra, men ikkje 40.

Vollemarka

Kyrkjeverja har også vurdert om det kan vere aktuelt å ha gravplass på Vollemarka (1,2 på kartet). Der er arealet 16 000 kvm. Om dette er aktuelt må kommunen I så fall må kommunen rive bustader og løyse ut grunn som er regulert til bustader.

Det er Link som eig tomta.

Dette området blir så langt unna eksisterande gravplass, ar då må dei etablere parkeringsplass og eit mindre driftshus/reiskapsbod/sanitæranlegg.

Osnesflatene

Dette området (1,1 på kartet) er 20 200 kvm, og kan utvidast mot sør til 23 200 kvm. På dette området går det føre seg eit reguleringsarbeid i regi av grunneigar med siktemål om å få byggje bustader på området.

Jordsmonnet er ikkje eigna til gravlegging, så her må det gjennomførast masseutskifting.

Det er registrert kulturminne på alle tre alternativa.

Temaet kjem opp no i samband med kommuneplanen og skal opp i Ulstein formannskap i dag, men ikkje til vedtak.