– Vi ser tydeleg at vi treng ein ruskoordinator i Hareid kommune, kommenterer dagleg leiar Ingunn Rise ved Nav Hareid.

Tilskotet på 651.000 kroner er statleg og går over budsjettet for 2017.

Unytta midlar

Men Fylkesmannen skriv i brevet til Hareid kommune at unytta midlar frå tidlegare år, kr 651.000 blir trekt frå beløpet.

– Utbetalinga for 2017 blir på 0,- varslar fylkesmannen.

Dette meiner Rise må vere ei mistyding.

– Det skjedde ein feil på innrapporteringa i 2016. Men det er retta opp og sendt tilbake til Fylkesmannen. Vi brukte litt pengar i fjor, men ikkje alt. Og vi fekk signal om at vi skulle få behalde ubrukte midlar, fortel dagleg leiar ved Nav Hareid.

Til oppfølging av personar med rusproblem

Tilskotet er tenkt brukt til oppfølging av personar med rusproblem, og er meint til å dekke eit årsverk.

– Målet vårt er å få tilsett ein ruskoordinator. Behovet er så avgjort til stades, og eg meiner stillinga må organiserast gjennom den kommunale rus- og psykiatritenesta, seier Rise.

I brevet frå Fylkesmannen blir det poengtert at midlane som hovudregel ikkje kan omdisponerast eller brukast til andre føremål. Dersom midlane ikkje blir brukt etter føresetnadene, skal dei betalast tilbake til Fylkesmannen. Eventuell feil bruk og misleghald av tilskotet kan føre til rettslege tiltak.

Problem med den kommunale delen

At det ikkje vart tilsett nokon ruskonsulent i kommunen i fjor forklarer Rise med at det er eit vilkår at kommunen også stiller med midlar. Regelverket seier at stat og fylkeskommune ikkje skal stille med heile den økonomiske potten. Kommunen må også yte sin skjerv. Stram økonomi har gjort dette vanskeleg.