– Vi føler heile tida at vi har ei god gruppe spelarar no. Vi har med oss det gode humøret på trening, og trykkjer til. Det handlar om å få ut akkurat det i kamp, oftare, seier Sindre Eid.

Smila tilbake

Kjappe ballvekslingar, høg intensitet og god bruk av snakketøyet prega treninga onsdag ettermiddag. Spelarane såg heiltente ut, og på eit heilt anna stille enn dei var første del av kampen mot Byåsen i helga. 3–1 tapet heime på Hødd svei, og gjorde Hødd-trenaren nesten mållaus.

Men onsdag var smila tilbake.

– Vi har hatt ein god prosess no etter tapet i helga, der spelarane har fått vurdert prestasjonane sine i endå større grad. No handlar det om å gje gass igjen i helga. Vi må jobbe steinhardt. Det finnast ingen trylleformel i dette gamet. Vi reiser til Hønefoss for å vinne, seier Sindre Eid.

Det handlar om å ikkje misse trua, meiner Eid.

– Nei, om vi mistar trua så er det berre å gje seg. Det har vi ikkje tenkt å gjere.

– Vi er vår største fiende sjølve

Hønefoss har ikkje akkurat lukkast så godt sportsleg til no i sesongen. Laget som i fleire sesongar kniva med blant anna Hødd i Adecco- og sist OBOS-ligaen, ligg heilt sist på tabellen, med fattige 7 poeng på 11 serierundar. Tidlegare stopparkjempe Frode Lafton har ikkje fått heilt dreisen på trenargjerninga.

– Vi er vår største fiende sjølve. Vi veit at vi kan slå alle laga i 2. divisjon, men vi har også vist at vi kan tape for alle. Det handlar om å tru på kapasiteten vi har i laget, og vi står saman no som det buttar litt i mot.

Eid meiner tre poeng bør vere innan rekkevidd.

– Sjølv om somme tvilar på oss, så skal vi aldri tvile på oss sjølve. Vi reiser til Aka Arena og har ei vanvitig tru på at vi kan ta med oss tre poeng heim igjen, seier Sindre Eid.

Eid og Torset uaktuelle

Med ein skadefri tropp elles, er det framleis Daniel Eid og Bendik Torset som er uaktuelle grunna skadar. Torbjørn Kallevåg fekk seg ei vriding på trening onsdag, og det står att å sjå om han kan bli klar. Keeper Jan-Lennart Urke sonar karantene.