Reiten var onsdag på ein liten turné på Ytre Søre Sunnmøre for å få innspel frå næringslivet. Målet hans er å få plass på Stortinget frå hausten av.

– Vi har hatt ein kandidat frå Møre og Romsdal i fleire periodar no, og vi meiner det er realistisk at vi får ein kandidat også i komande periode, seier Reiten, som til dagleg er lærar på Averøy, men kjøpt fri 70 prosent for å kunne sitje i sentrale verv på fylkestinget.

Går det som fylkespartiet ønskjer avløyser han Rigmor Eide på Stortinget.

Saman med lokale KrF-arar møtte han først kvinnelege gründarar i Fosnavåg. Deretter gjekk turen til Runde Miljøsenter, der dei fekk omvising av dagleg leiar Nils Roar Hareide.

Også bedriftsbesøk hos Ulstein Group stod på programmet. Der var både Trond Bergh og kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim med på omvisinga.

Reiten var tydeleg oppglødd over informasjonen han hadde fått ved Runde miljøsenter, og han meiner det må vere fruktbart med eit tettare samarbeid mellom Runde Miljøsenter og maritim industri.

Kunnskap om vind- og straumforhold

– Statens vegvesen har henta inn kompetanse frå Runde miljøsenter når det gjeld målingar av vind- og straumforhold i traseen til Hafast over Sulafjorden. Opplysningar som kjem fram frå desse målingane, er noko som maritim industri kan få nytte av når dei skal berekne styrken på skipsskrog. Eit pilotprosjekt på eit slikt samarbeid burde kunne utløyse statleg støtte, meiner Steinar Reiten.

Han viste til at Runde miljøsenter er verdsleiande på å kartlegge havbotnen, og at forskinga som blir driven der bør utnyttast av den maritime næringa til utvikling både av nye fartøy og til teknikkar for å vinne ut mineral på havbotnen.

Trond Bergh, som både er lokal KrF-politikar og med i leiinga i Ulstein Group, varsla at han ikkje kjende seg heilt vel med dei to rollene, men han kom likevel med nokre innspel til stortingskandidat Reiten:

– For industrien er det svært viktig å ha gode, trygge rammevilkår uansett kva farge det er på den sitjande regjeringa. I dag er det fleire land som norsk industri skal konkurrere med som får betydeleg meir støtte enn norsk maritim industri, sa Bergh.

Han understreka også at eigarane i Ulstein Group var samfunnsbyggjarar som var medvitne om å pløgje kapitalen dei hadde fått ved salet til Vickers i 1998 tilbake til lokalsamfunnet i form av knoppskyting av nye bedrifter og sikring av arbeidsplassar.

Fritak for formueskatt på arbeidande kapital

Dette fekk Steinar Reiten til å kome inn på ei av dei viktigaste valkampsakene til KrF i Møre og Romsdal, formuesskatten.

– Kristeleg Folkeparti har lansert fritak for formuesskatt på arbeidande kapital. Det inneber at vi vil dele formuesskatten i to. Vi vil bevare den private formuesskatten, fordi vi treng han til samfunnsoppgåver. Men vi vil ikkje ha skatt på formuar som skaper arbeidsplassar og verdiar. Særleg i tronge tider er det viktig å ikkje ha formuesskatt på arbeidande kapital, slår Reiten fast.

Han meiner det var Kristeleg Folkeparti som lanserte den todelte modellen, og at både NHO og Høgre no har adoptert han.

Trond Bergh slo fast at det i det maritime miljøet på Sunnmøre både var samarbeid og konkurranse.

Treng ungdommen

– Programmeringskompetanse er noko det blir jobbar mykje med, og til det treng vi ofte unge medarbeidarar. Det er derfor svært viktig for vidareutviklinga at ungdomen skal ha tru på ei framtid i maritim sektor, forklara han.

Og Reiten forsikra at han har tru på ei framtid for den maritime næringa.

– Petroleumsnæringa har vore nøydde til å kutte kostnader, noko som er positivt for den maritime næringa. Og med eit tettare samarbeid med havforskarar, trur eg nye nisjar for skipsbyggjarane vil kom fram.

omvising hos Ulstein Group. Frå v.: Olav Sæter, Marit Øien Sæverud, Joar Lillerovde Jan Helgøy, Olav Brubakk, Steinar Reiten, Victoria Smenes og Trond Bergh. (Sistnemnde er i leiinga til Ulstein Group). Foto: Anne Gry Eilertsen