Politiet melder at det like over klokka ni i kveld var ein syklist og ein bil som kolliderte. Ulukka skjedde like ved Overåsanden.

Etter ambulansen kom fram gav ambulansepersonalet syklisten/pasienten noko behandling på staden, før dei sende vedkomande vidare til sjukehuset i Ålesund. Skadane blir skildra som førebels moderate skadar.

Trafikken blir no dirigert forbi.

Vikebladet.no kjem med meir.