Politiet melder at tre personar er involvert i ein kollisjon mellom ein lastebil og ein personbil på Herøybrua.

Ulukka skjedde rundt kvart over fire onsdag ettermiddag.

Kvart på fem melde politiet at eit helikopter var i ferd med å lande. Trafikken hopar seg opp på staden.

Det er redusert framkomst og lysregulering på Herøybrua på grunn av vedlikehaldsarbeid. Vedlikehaldsarbeidet starta 18. april og skal vere ferdig 1. september i år.

Klokka fem i ettermiddag melde Statens vegvesen at Herøybrua var stengt på grunn av traikkulukka.

To til sjukehuset

To personar er frakta til sjukehuset i Ålesund, ukjend skadeomfang. Staden er no rydda og vegen er open for trafikk.

Lastebilen punkterte

Operasjonssentralen seier til Vikebladet Vestposten at det er litt uvisst kva som er grunnen til ulukka. Men det kan sjå ut til at lastebilen punkterte, så prøvde den andre bilen å svinge unna.

Det var dei to personane som sat i personbilen som vart frakta til sjukehuset. Korleis det går med dei er førebels uvisst.