Då Ulstein formannskap diskuterte arealplanen i går, tysdag, foreslo ordførar Knut Erik Engh (Frp) at der kan kome rorbuer på Lyngneset (på Dimnøya). På det viset kan kommunen leggje til rette for turisme. Det vart då bestemt at Ulstein kommune bør lage ein heil plan for turisme.

Pål Grødahl (Venstre) tok til orde for at kommunen bør få bustadfelt på Lyngneset. - Der er veldig solvendt og fint, kommenterer han til Vikebladet Vestposten.

Han meiner der er plass til både rorbuer og bustadhus på Lyngneset. Dessutan vil han ha ein elektrisk båt som kan gå mellom Lyngneset og Ulsteinvik, gjerne til Rolls-Royce som utviklar slik teknologi.

- Så kan det vere eit teknologiprosjekt der Rolls-Royce får utvikla teknologien sin, seier Grødahl som tenkjer seg at denne båten er førarlaus.