Tysdag ettermiddag skreiv dei to ordførarane i Ulstein og Hareid under på at dei skal samarbeide om brannvern. Kommunestyra i både Hareid og Ulstein har godkjent ein slik samarbeidsavtale. No var det berre underskriftene til ordførarane som stod att.

Hareidsordføraren hadde med seg brannsjef Olav Helt Brubakk og branningeniør Live Gandborg frå Hareid brannvesen. I tillegg til ulsteinordføraren var Arne Runar Vik, brannsjef i Ulstein, med på seansen på ordførarkontoret på Ulstein Rådhus.

– Det er ein historisk dag, uttalte Riise.

– Ja, nok eit døme på godt samarbeid mellom kommunane, meinte Engh.

Etter dei hadde signert papira, rekte Anders Riise fram handa og gratulerte Knut Erik Engh. Engh gratulerte tilbake. – Dette her trur eg blir veldig bra, Anders, sa Engh.

– Eg trur det blir veldig bra, for innbyggjarane og ikkje minst veldig bra for dei som skal jobbe med brann i åra som kjem. Det er bra for beredskapen og tryggleiken for innbyggjarar og næringsliv, sa Riise. – Det er eg heilt sikker på, støtta Engh opp.

– Er det ein gledas dag?

– Ja, det er det. Det viser at me kan samarbeide. Og det viser at me har vilje til å tenkje framtidsretta. Det er ein del av fornyinga i offentleg sektor der me får betre tenester og får meir ut av dei kronene som me legg inn. Utan ein slik avtale ville det saml sett blitt dyrare for kvar kommune. Det vil seie dyrare for innbyggjarane. Her får me betre kvalitet og totalt sett ei rimelegare teneste om me skulle fortsetje kvar for oss, sa Riise.

– Og neste brikke er NAV?

– Ja, det er NAV. Og det har me også vore opptatt av, at dette samarbeidet skal gå båe vegar. Og eg er glad for at Ulstein kan vere med å medverke til at Hareid få reist eit stort prosjekt som er viktig også for sentrumsutviklinga i Hareid. Så det også skal me få til, slo ulsteinordføraren fast.

Brannvern

Ulstein blir vertskommune for samarbeidet.

Det skal framleis vere brannstasjon i både Hareid og Ulstein.

Neste ledd i samarbeidet er å samlokalisere Nav til Hareid, men det er førebels ikkje vedteke i kommunestyra.