Nytt byggefelt på Holstad:

– Det er kjekt å kunne starte på ting som vi har hatt lyst til å gjere noko med lenge, kommenterer ordførar Anders Riise. Han siktar til at Hareid kommune etter 13 år er ute av den berykta Robek-lista.

Ei av sakene han no lovar fullt trykk på er Holstad byggefelt. Reguleringsplanen er godkjent og det er løyvd pengar til detaljplanlegging, overvasskanal og grunnkjøp.

Planleggingsfasen har vore lang, men no er tida komen til gjennomføring.

Grunnforhandlingar over sommarferien

– Vi har søkt etter prosjektleiar, og håper å få engasjert nokon i løpet av sommaren. Grunnforhandlingane tek vi sikte på å starte rett over sommaren, samanfattar Riise.

Han reknar med at både grunnforhandlingane, og bygginga av overvasskanalen vil ta litt tid. Sistnemnde blir viktig for å sikre hus og markar mot flaum og overvatn.

– Når dette er i orden må kommunestyret ta stilling til kor stort prosjektet skal bli, og om det skal bli stegvis eller full utbygging.

70–90 bueiningar

I reguleringsplanen er det teikna inn ein stad mellom 70–90 bueiningar, alt etter kva løysing som blir valt.

Målet er byggjestart i løpet av 2018, men ordføraren understrekar at det blir svært viktig å få til ei løysing for Holstadkrysset (Dybhavnkrysset) parallelt med utbygginga av Holstadfeltet.

– Attraktivt

– Vi har hatt eit vakuum på einebustadtomter med god utsikt i Hareid sentrum, og vi har nok mist ein del innbyggjarar på det. Med Holstadfeltet på plass har vi igjen attraktive tomter. Feltet er sentrumsnært, der er barnehage i nærområdet, kort veg til skule og kort veg til kollektive transportvegar, samanfattar Riise.

Han røper også at kommunen har interessentar som har lyst til å ta på seg utbygginga av feltet.

Fleire ledige tomter

Ordføraren understrekar at det rundt om i Hareid finst ledige tomter også i andre felt. Blant anna på Eljasmarka, indre Hareid, i Isakdalen, Hareid sentrum og Iverskogen på Grimstad. Der er også nokre ledige tomter rundt om i krinsane.

– Og no er også planane for Påhaugane i Hareid sentrum godkjende, så der vil det også bli husbygging etter kvart, seier han.

70-90 bueiningar: Feltet går over fleire gardar på Holstad, og det er planlagt ein stad mellom 70-90 bueiningar i feltet. Foto: Anne Gry Eilertsen