Smp.no: Tal frå helsenorge.no viser at Ulstein og Hareid kommune har det høgast bruk av antibiotika i Møre og Romsdal. Oversikta viser antall reseptar med antibiotika per 1000 innbyggarar per år. I Ulstein kommune er antalet på 555, medan i Hareid kommune ligg talet på 530.

– Vi ønsker ikkje at det skal vere slik. Antibiotikaresistens er ein aukande helsetrussel. Vi bruker antibiotika på mange sjukdommar som vi kan bli friske av sjølv, seier kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol i Ulstein.

Kaldhol fortel at ho har lurt lenge på kvifor Ulstein og Hareid har så høgt forbruk i forhold til andre kommunar i fylket.

– Det må vere eit samspel mellom praksisen til legane og forventningane til innbyggarane som har gjort det. Eit betre svar vil krevje eit forskingsprosjekt, seier ho.

Totalt i Møre og Romsdal er antalet 398. På landsbasis blei det skrive ut 381 reseptar for antibiotika per 1000 innbyggarar i 2015.

Får kurs

Fordi Ulstein og Hareid har eit høgt forbruk av antibiotika har dei blitt invitert til å bli med på eit nettbasert kurs i regi av Riktigere antibiotikabruk i kommunane (RAK). Kaldhol trur dette vil redusere bruken av antibiotika i kommunane.

– Vi veit at vi har vore høgt på lista av bruk. Vi har jobba tidlegare med å redusere bruken der vi har gått gjennom velleiarar for korleis bruke antibiotika, men no får vi eit godt og betre opplegg. Fastlegane får tilsendt rapportar på kor mykje reseptar på antibiotika dei skriv ut. Det vil skape refleksjon blant legane og det gjer dei villige til å endre seg, fortel Kaldhol.

Ho understrekar at det også handlar om haldningsendring blant pasientar.

– Alle må tørre å prate med legen om antibiotika. Det å ha ein dialog på dette er nødvendig, seier ho.

– Forstår ikkje forskjellane

Antibiotikaresistens er den største helsetrusselen verda står ovanfor. Om lag 25 000 menneske dør kvart år i Europa som følge av at bakteriar er blitt resistente mot antibiotika. Viss ein ikkje greier å stoppe utviklinga kan millionar av menneske døy. Antibiotikaresistens i Norge er foreløpig avgrensa, men tiltak for å førebygge resistens er også aktuelt her. Overlege og professor i infeksjonssjukdommar ved Universitetet i Oslo, Dag Berild, seier at det er store forskjellar mellom fylke og kommunar når det gjelder bruk av legemiddelet. Han meiner det er uheldig at talet er så høgt i Ulstein og Hareid.

– Vi forstår ikkje forskjellane. Med så store forskjellar så er det forbetringspotensial, men vi må finne ut kva som er årsaka til forskjellane, fortel Berild.

Berild har jobba med dette i over 20 år. 30 kommunar får kursing gjennom RAK og Berild er positiv til dette, men meiner at det er fare for tilbakefall.

– Vi gjorde eit studie på eit stort prosjekt på eit barnesjukehus i St. Petersburg med 600 barn. Vi gav dei retningslinjer og halverte antibiotikabruket på eitt år, men vi hadde ikkje midlar til å gjere meir. Etter eitt år var dei på god veg oppover igjen med bruken. Problemet er å få til varige endringar, og det er stor fare for tilbakefall. Derfor må vi ta i bruk moderne teknologi som kan rettleie legane, seier Berild.

Han fortel at det finst retningslinjer som ligg på appar, og at legen då kan raskt leite opp om legen er usikker.

Dialog viktig

Berild framhevar også at dialogen mellom pasient og lege er viktig.

– Det er feilbruken vi vil til livs. Der må legane samarbeide med pasientane. Man trenger heller ikkje å stole blindt på legen. Det finst omtrent ikkje sjukdommar i allmennpraksis som ikkje går over av seg sjølv, men det tek tid, fortel Berild.

Denne saka vart først publisert på smp.no.

Kommuneoverlege i Ulstein Inger Lise Kaldhol har trua på kursinga innan rett bruk av antibiotika Foto: Arkiv.