Tendensen frå tidlegare i år held fram. Det er i Herøy det er størst aktivitet på eigedomsmarknaden.

For medan det vart omsett like mange eigedomar i juni som i månaden før, gjekk både Ulstein og Hareid tilbake. Sande gjekk fram frå sju til tolv, medan det i Herøy vart ein auke frå 31 til 37 eigedomstransaksjonar i juni.

I Ulstein gjekk talet på omsette eigedomar ned frå 21 til 18, medan ein i Hareid var tilbake på april-nivået med ni, etter at det var registrert 17 i mai.

Men sjølv om både Ulstein og Hareid gjekk noko tilbake, så ender ein til slutt på 76 omsette eigedomar i løpet av juni, og det er det same som var registrert i mai, etter at både mars og april hadde noko mindre aktivitet.

Forklaring til kartet:   Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.