- Eg prøvde å ta eit godt bilde, for motivet såg så fint ut, seier Sara.

Saman med storesystera Martha (22) var ho på biltur på Dimna natt til tysdag.  Klokka hadde bikka 01.00 då systrene fekk auge på dei tre kollene.

- Vi stod kanskje femti meter frå dei. Vi stod der ei god stund utan at dyra vart redde, fortel femtenåringen.  Med mobilen knipsa ho blinkskotet av dei tre kollene.

Det var ikkje første gong dei to systrene var på tur for å leite etter og fotografere hjort.   Det har dei nemleg lært av morfaren Sindre Bakken, som var ein ivrig hjortejeger.

- Ja, det var han som lærte oss det, det er han som er årsaka til at vi synest det er kjekt å sjå etter hjort, fortel Sara, som legg til at ho heilt sikkert vil ta fleire turar for å sjå etter hjort.