Det er selskapet Ulstein Betong Constructer, UBC,  som står bak prosjektet.

Gjerdegata vert stengd i dei to vekene 29 og 30 og kanskje delar av veke 31, opplyser Nils Erik Skeide i UBC.

- Vi er ferdig med betongarbeidet, så no skal vi gang med å setje opp leilegheitene. Vi treng ein del trailerar og kraner, difor må vi stenge gata for gjennomkøyring, seier Skeide.

Prosjektet skal romme 24 leillegheiter.

- Til no har vi selt femten, og det er vi kjempefornøgde med, seier Nils Erik Skeide.

Han reknar med at prosjektet skal vere heilt ferdig rett over påske neste år.

Selskapet Ulstein Betong Constructer vart starta i fjor sommar, og er eit samarbeid mellom Constructer AS (CAS) og Ulstein Betong Utbygging AS (UBU).

Les meir om det her: