Reite har i eit og eit halvt år leigt loftet i det gule trehuset i Ulsteinvik sentrum. Der driv ho med akrylmaling og lagar store måleri.  No vil ho ha selskap.

- Å vere kunstnar er eit einsamt yrke, så det hadde vore kjekt viss vi var fleire.  Kanskje klekke ut nokre idear, jobbe fram til ei ustilling, seier Reite.

Ho har i mange år jobba som kokk i offshorebransjen, men er no arbeidsledig etter nedgangstidene i oljenæringa.   Etter at ho flytta til Ulsteinvik frå Ålesund, har ho hatt verkstad på Krukkehuset.

Meir aktivitet før

Det er Aina Moldskred som eig huset. Ho driv no Hakallegarden i Vanylven.

Tidlegare var det stor aktiviet i Krukkehuset, både med verkstader, kafé og utstillingar.

For nokre år sidan vart huset lagt ut for sal, men ingen nye eigarar har meldt seg.

Har fått respons

Torsdag la Sonja Reite ut ei melding på Facebook, der ho etterlyste personar som vil vere med i eit kreativt fellesskap i huset.  Ho har allereie fått eit par telefonar frå folk som kan vere interesserte.

- Det er eit fantastisk hus, som er fullt brukandes, seier ho til Vikebladet Vestposten.

Les også: