Festivalen er i dagane 17.-20. august.   Trebaatfestivalen har vorte arrangert 11 gongar før og festivalsjef Line Urke seier målet er å samle folk i alle aldrar.

Urke seier at trebåtane er heidersgjestene, fordi dei er ein viktig del av kysthistoria vår.  For å gjere ekstra god plass til båtane, vert det i år lagt ut 140 meter ekstra med brygger i hamnebassenget inn mot hotellet.

Arrangøren tek høgde for at det kjem opp mott 100 båtar til Ulsteinvik desse dagane.

Båtvandring

Programmet er ikkje heilt spikra enno, men nytt av året er at det vert "båtvandring" med Knut Arne Høyvik.  Han skal ta folk med på rundtur til dei ulike båtane og la skipperane fortelje om fartøya.

- Målet er å fylle hamnebassenget med aktivitet, og eg trur vi skal klare å lage mykje moro i år også, seier Urke, og nemner palleløp som døme.

Ho var svært fornøgd etter fjorårets festival, det kan du lese meir om her:

Festivaltelt

Det skal skje ting andre stader enn i sjøen.  Thomas Tivoli kjem, og det skal setjast opp festivaltelt på kulturallmenningen.

Trebaatfestivalen er midt i valkampen, og det vert difor politisk debatt i teltet, leia av Arnfinn Ingjerd.

- I tillegg skal Magne Johnny Krumsvik gjenta quiz-suksessen frå i fjor, seier Line Urke, som oppmodar private og bedrifter til å melde på lag.

Elles blir det:

* Fredrik Steen har med seg komi-makker Grim Moberg, og standup-duoen lagar eit eksklusivt show for Trebaatfestivalen fredag i festivalteltet.

* Feel It, showet som har gått for fulle hus på Larsnes i mange år.

* Showet «Tina – Simply the Best»,  med Christine Meyer som vokalist og tidlegere Lava-keyboardist Geir Langslet som «kapellmester».