- Guten er heilt utruleg!, seier Håvard Tjørhom.

Vikebladet Vestposten ringer han like før medaljeseremonien på 400 meter hekk, der Karsten Warholm knuste konkurrentane med tida 48.37.  Det er ny meisterskapsrekord for U23-EM.

Dagen før, på laurdag, tok Warholm sølv på 400 meter, berre slått av slovakaren Luka Janez.  Han deltok altså både på 400 meter og 400 meter hekk.

- Det har vore mange som har rista på hovudet og meint at dette kom til å verte for tøft for Karsten, men han har vunne både sølv og gull, seier Tjørhom entusiastisk.

Finaleløpet på 400 meter hekk var det sjette løpet til Warholm i europameisterskapen.

- Han og trenaren har lagt opp eit offensivt løp som rett og slett er imponerande.  Eg snakka med han no nettopp og då var Karsten veldig fornøgd, seier Tjørhom.

- Nervepirrande

Også mor Kristine Haddal er imponert.

- Det var nervepirrande å sjå på løpet, det er trass alt eit U23-EM og det var knytt stort håp til Karsten på 400 meter hekk, seier ho.

Telefonen hennar har nesten ikkje stått still etter gull-løpet, det er både folk som skal gratulere og journalistar som vil ha eit intervju som ringer henne.

Rett før Karsten vann 400 meter hekk, tok Sven Martin Skagestad gull i diskos. Kristine Haddal gler seg over den norske innsatsen.

- Ja, det er fantastisk at norsk friidrett gjer det så bra, at utøvarane klarer å hevde seg i ein europameisterskap, seier ho.