Utlendiingsdirektoratet har bede om synspunkt frå vertskommunane til asylmottak, og det er Lars Erling Bjåstad Hovlid som har skrive svaret frå Ulstein kommune.  Han er leiar for inkludering og mangfald i kommunen.

Han viser til at Søre Sunnmøre mottak har vore ein del av lokalsamfunnet i mange år og at det er godt innarbeidd og fungerer som eit positivt tilskot i kommunen.

Press på tenester

Hovlid skriv i svaret til UDI at kommunen gir bebuarane på mottak tenester av god kvalitet, men at asylmottaket bidreg til auka press på enkelttenester.

Han påpeikar at kommunen og mottaket har jamlege samarbeidsmøta, til dømes med helsestasjon og skule.

Positivt tilskot

I brevet heiter det også at mange av dei som bur på mottaket er synlege i bybildet, og at mottaket har vore dyktig til å legge til rette for at det vert knytt kontakt mellom bebuarar og einskildpersonar, lag og organisasjonar i kommunen.

Han nemner internasjonal kafé som døme på ein slik møteplass.

Lars Erling Bjåstad Hovlid skriv at kommunen opplever at dei tilsette på mottaket er fagleg dyktige.