Mange nordmenn har opplevd dei kraftige skogbrannane som har herja i Montenegro og Kroatia i byrjinga av denne veka.

Elin Sundgot Haugland frå Ulsteinvik er på ferie i Stobrec, og er ei av dei som har vore augevitne til dramatikken.

- I dag er det litt røyk frå fjella bak her og ein del fly som driv ettersløkking. Dei har gått i skytteltrafikk over oss heile dagen. Vi var ein tur bort til området som var hardast ramma på føremiddagen, og det ser ut til at dei fleste husa har klart seg, fortel ho.

Ifølgje Sundgot Haugland har brannvesenet på staden konsentrert seg om å redde hus i området.

- Ifølgje ein lokal mann som ektemannen min snakka med i natt var det nokre hus som var brent ned, men dei fleste vart berga.

Skogbrannen braut ut natt til måndag, og sidan då har i overkant av 300 brannmenn vore i aksjon for å få kontroll over flammane.

- Mannen min var oppe heile natta og fulgte med på retninga, og på om vi måtte evakuere, men dei fekk kontroll over flammane i 4-5-tida i nat. Då var flammene berre nokre hundre meter frå huset vi bur i, fortel Sundgot Haugland.

Skogbrannen har herja i åssida i bakgrunnen. Tysdag fekk brannmannskap kontoll over brannen, men det var nære på at fleire hus gjekk tapt i flammene. Foto: Elin Sundgot Haugland.