Det er fleire grunnar til at dei to Venstre-representantane meiner det slik. Ein føresetnad for at båten skal kunne stoppe på Hareid, er først og fremst at det vert bestemt at båten skal gå indre lei. Gjerde og Brandal meiner at det vil vere den mest naturlege ruta.

– Vi er nøydde til å sjå på kartet, og prøve i mest mogleg grad å unngå uroleg farvatn. Heile poenget med at ein no har valt å byggje Stad skipstunnel er jo for å unngå akkurat det, seier Venstre-politikarane.

– Skulle båten gå ytre lei, må vi førebu oss på at der vil vere ein del dagar der den vil bli innstilt på grunn av vêr og vind, seier Brandal og minner om innstillingane som har prega hurtigbåtsambandet mellom Hareid og Ålesund den siste tida, ei strekning der farvatnet er betydeleg rolegare.

Vidare viser Gjerde og Brandal til at det er kortare frå Ulsteinvik til Hareid enn til Eiksund. I tillegg argumenterer dei for Hareid som stoppestad ut ifrå infrastrukturen som allereie er på plass der.

– Dette er på mange måtar eit økonomisk spørsmål, då fleire hundre millionar må til om ein skal byggje ut ny infrastruktur og anlegg både på Eiksund eller i Ulsteinvik. Skal det bli stopp på ein av desse stadane, må alt byggjast ut. Dette har allereie blitt gjort på Hareid, der ein har investert over 100 millionar i hurtigbåtkai og terminalanlegg som er bygd for stor trafikk. Terminalen har rom til mannskap, og vidare er det tilgang til både bussar, ferje og hurtigbåt til Ålesund, fortel Gjerde og Brandal.

Venstre-politikarane legg vekt på at det ikkje er noko sjølvfølgje at det vert stopp på Hareidlandet.

– Om ein ser alt under eitt, vil det for Ytre Søre vere best at stoppet ligg på Hareid. Eit stopp på Hareidlandet vil vere meir sannsynleg om vi kan tilby eit godt stopp. Alt ligg til rette for det på Hareid. Finn vi ikkje eit godt stopp her på Hareidlandet, kan ein risikere at det ikkje blir stopp mellom Vanylven og Ålesund, slår Gjerde og Brandal fast.

Hurtigruta til same stoppestad?

I samband med utbygginga av Stad skipstunnel, trur Gjerde og Brandal også at det kan verte aktuelt med ei omlegging av ruta til Hurtigruten til stoppet den eventuelle hurtigbåten vil ha. Dei to seier at djupvasskaiene som allereie finst på Hareid gjer Hareid aktuell som stoppestad også for Hurtigruten.

Gunn Be­rit Gjerde og Annika Brandal, begge representantar frå Venstre, meiner at eit stopp på Hareid er praktisk for folk flest som bur på Ytre Søre. Dei vil fylgje opp Venstre sitt innspel om Hareid som stoppestad, både i fylkeskommunen og lokalt i Hareid kommune. Foto: Ragnhild Vartdal