– Tårene trilla då Alain gjekk av nattbussen her i Ulsteinvik, det var akkurat som å sjå igjen faren vår, fortel Tommy Fonseca om sitt aller første møte med storebroren i starten av juli.

Og det er nettopp faren, Pedro Fonseca, dei har felles, dei tre brørne. Medan Tommy og Luis vaks opp i Ulsteinvik, budde Alain på Kapp Verde-øya Mindelo i Atlanterhavet.

– Det har vore ei sorg i livet mitt at eg har hatt brør som eg ikkje har fått vere saman med, det er ikkje slik det skal vere. Ei familie skal vere saman, seier Alain. Han sit i sofaen i stova til veslebror Tommy i Ulsteinvik og kan knapt fatte at han skal vere saman med sine norske brør i mange veker framover. Brør han alltid har visst om men aldri før møtt.

– Bagen min har alltid vore pakka, eg har vore klar til å reise til Noreg, fortel Alain.

Fann brev med namn

Men historia startar ikkje denne julidagen i 2017. For Luis Fonseca startar historia då han som tiåring i keisemd snokar rundt på soverommet. I eit av skapa til foreldra finn han nokre brev på portugisisk og oppfattar namna Alain og Michel. Han trur det anten er snakk om eit vennepar av foreldra, eller at dei som er omtalt i brevet er søskena hans. Først då han er atten år gamal, i 1987, spør han mora om han har søsken han ikkje veit om. Ho svarer ja, han har to brør som heiter Alain og Michel. Michel møter han allereie i 1989 i Lisboa, men det skal gå tretti år før han får møte Alain for første gong.

– Det er veldig synd at det skulle gå så mange år, men det er veldig godt å endeleg få møte han, seier Luis.

Kontakt på Facebook

Pedro, faren deira, døydde for tolv år sidan i Portugal. Alain og Luis fekk kontakt på Facebook for vel to år sidan, og seinare vart også Tommy kopla inn. Og det er Tommy som har gjort alt arbeidet med å få Alain til Noreg, fortel Luis stolt.

– Det er ikkje så lett å kome seg vekk frå Kapp Verde, du må ha nokon som kan hjelpe deg med papirarbeidet, fortel Alain.

– Ja, det tok månadsvis med byråkrati å få alt i orden, seier Tommy.

Då Alain landa med fly på Gardermoen, nådde han ikkje flyet vidare til Ålesund. Dermed vart nattbussen redninga.

– Det var som i ein film då eg kom til Ulsteinvik, det er så uverkeleg at eg nesten ikkje fattar at dette skjer, seier Alain.

Lyst om natta

Dei tre brørne har mange år å ta igjen og mykje å snakke om. Tommy og Luis har vist storebroren Ulsteinvik og omland, og skal også til Runde, Ålesund og Geiranger. Alain og Tommy har også sett Luis flyge paraglider frå Hasundhornet, noko Alain kallar ein crazy sport. Han påstår at han likar klimaet på Sunnmøre, og fortel at han trudde ikkje sine eigne auge då han opplevde den lyse sunnmørsnatta for første gong.

– Hallo, det skal vere mørkt, tenkte eg. På Kapp Verde er det bekmørkt om natta, der er det som om nokon har slått av lyset, seier han, og gestikulerer energisk med hendene, slik også Luis og Tommy gjer når dei snakkar.

– Men det er kaldt her i Ulsteinvik! Det går bra så lenge eg har på meg nok klede, seier 52-åringen, som kjem frå eit land der det regnar ein eller to dagar i året.

– Mange trur at Kapp Verde-øyane er så grøne, men det stemmer ikkje, landskapet der er som på månen, ler han.

Alain skal vere i Ulsteinvik til 28. september. Heime på Mindelo har han eit tøft liv, sidan arbeidsløysa er høg og løna låg på strøjobbane han får.

– No skal eg nyte livet her saman med dei to brørne mine, vi er kjøt og blod, trass alt, seier Alain. Målet no er at Alain får permanent opphaldsløyve her i Noreg, seier veslebror Tommy. Dei har eit heilt liv å ta igjen, dei tre brørne Fonseca.