– Det er veldig frustrerande, eg meiner dette er eit kulturminne som bør takast vare på. Kristian Ødegaard Skeide peikar på løa på slektsgarden på Skeide, og får støtte frå far Robert og onkel Kjell-Inge. – Det er vi som er dei store taparane i denne utbygginga, seier Robert Skeide.

«Denne utbygginga» er planen Ulstein kommune har for husbygging på Skeide. Planen omfattar mange grunneigarar, og legg opp til at det skal kome 40–50 nye tomter i bygda. Men løa dei tre karane Skeide viser lokalavisa, er den einaste bygningen som må rivast for å gjennomføre reguleringsplanen.

Marka er verna etter utgravingar

Garden er i dag eigd av 97 år gamle Inger Marie Skeide, som er mora til Robert og Kjell-Inge. Den store marka på garden kan ikkje brukast til hustomter, for den vart verna etter arkeologiske utgravingar.

– I løa lagrar vi utstyr som traktor og beitepussar, noko som gjer at vi kan vedlikehalde skogen og marka, seier Kjell-Inge Skeide. – Må løa vekk, vil marka vere ein einaste krattskog om nokre år, seier Robert Skede.

Familien har bede kommunen om å få lov til å behalde løa, men det seier kommunen nei til. – Det er snakk om EI hustomt, seier Kristian Ødegaard Skeide, og viser til at arealet er på rundt 800 kvadratmeter.

Riving må familien betale sjølv, og får i tillegg ein ekstra kostnad viss dei vil setje opp eit nytt uthus til traktor og utstyr.

Stort engasjement på Facebook

For eit par veker sidan la Kristian ut eit hjartesukk på Facebook om løa: Sjå nøye på dette kulturminnet, der eldste delen er frå 1700 talet. Det er snart historie mot vår vilje.

Innlegget skapte eit enormt engasjement, og ord som skammeleg, forferdeleg, urimeleg, riv ruskande gale og trist dukkar opp i kommentarfeltet. Også ordførar Knut Erik Engh (Frp) heiv seg inn i debatten. Han skreiv mellom anna: «Eg skjønar at du er skuffa, Kristian. Eg skulle gjerne sett at familien fekk behalde både løe og området rundt.»

Engh viser så til at det frå eit samfunnsperspektiv er sterkt ønskeleg å få fleire tomter på Skeide, mellom anna for å sikre grunnlaget for skulen. Han seier også at mest mogleg grunn må nyttast til tomer, for at tomteprisen ikkje skal verte skyhøge.

Ordføraren har no ferie, og har takka nei til å kommentere saka ytterlegare.

Vil be kommunen vurdere saka på nytt

Reguleringsplanen for Skeide er allereie godkjend av Møre og Romsdal fylkeskommune.  Men innlegget på Facebook om løa vart også fanga opp av Toril Moltubakk hos fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal.

– Eg vart veldig fascinert av det enorme engasjementet rundt innlegget, seier Moltubakk. Ho er rådgjevar for nyare tids kulturminne og understrekar at fylkeskonservatoren ikkje kan verne alle løer som er truga av riving. – Men i denne saka er det eit spesielt stort engasjement. Planen er rett nok godkjend av oss, men då var det arkeologane her som var kopla inn, ikkje vi som driv med vern av nyare kulturminne, fortel ho.

Toril Moltubakk seier ho vil kontakte Ulstein kommune.

– Eg vil oppmode dei om å sjå på saka på nytt, sjå om det verkeleg er nødvendig å rive løa. Eg er heilt samd med Skeide-familien i at det hadde vore mykje kjekkare viss løa får stå i fred, då er det eit heilt tun, seier Moltubakk.

Fryktar at saka hamnar i retten

For Kristian, Robert og Kjell-Inge er dette godt nytt. Dei set sin lit til at fylkeskonservatoren kan påverke kommunen. Viss ikkje, fryktar dei at saka endar i retten.

– Marka er utan verdi, og mistar vi løa også, ja, då sit vi igjen med ingen ting, seier Robert Skeide.

Her kan du lese meir om reguleringsplanen på Skeide.