– Vi er svært interessert i ei slik rute og vil vere på banen så raskt eit anbod vert annonsert, seier assisterande regionsjef for hurtigbåt i Norled, Einar Bjørn Gjesteland.

Norled driftar frå før av sambandet mellom Selje og Bergen, etter at selskapet tok over konsesjonen på ruta frå Fjord1 i 2012. Gjesteland ser ikkje vekk ifrå at ei eventuell rute mellom Bergen og Ålesund kan bli ei forlenging av sambandet som allereie går mellom Bergen og Selje.

– I så tilfelle må heile strukturen i ruta endrast. Det meste vil vere politisk styrt, dette gjeld også kvar ein eventuell båt skal stoppe, men vi forventar sjølvsagt å få ta del i diskusjonen, seier han.

Gjesteland seier han ikkje har sett seg godt nok inn i farvatnet på Ytre Søre, og kan difor ikkje sei noko særleg om kvar det er mest aktuelt for ein eventuell båt å stoppe.

– Det vil vere mest synsing frå mi side, men eg vil anta at ein vil ynskje at båten går i farvatn som er minst mogeleg vêrutsett, seier Gjesteland, men meiner likevel at alt kan skje sidan det er politikken i all hovudsak som vil styre dette.

Gjesteland nemner at fleire interessentar har vore innom og presentert ulike forslag for reiarlaget i samband med utbygginga av Stad skipstunnel, men seier at selskapet vil rette fokuset mot eventuelle nye ruter når utbygginga av Stad skipstunnel nærmar seg slutten. – Sjølv om vi ikkje har sett oss skikkeleg inn i det enda, så har vi sjølvsagt drøfta og studert potensialet i ei rute mellom Bergen og Ålesund. Vi meiner ei slik rute er interessant og trur den har godt trafikkgrunnlag. I tillegg kan den potensielt utvikle seg til å bli ein fantastisk turistattraksjon, seier Gjesteland.

Naturgitt

Direktør i Hurtigbåtforbundet, Ottar J. Aare, har tidlegare uttalt at han er trygg på at det vert hurtigbåtsamband mellom Bergen og Ålesund. Aare er for tida på segltur, men skriv følgjande i ein SMS til Vikebladet Vestposten:

– Eg vil ikkje meine noko om plassering av båtanløp i eit framtidig hurtigbåtsamband, men meiner at noko er naturgitt. Breisundet er utfordrande nok slik det blir trafikkert i dag. Det blir nok fleire interessante diskusjonar både nord og sør for Stad.