– Vi kan arbeide for å påverke kva rute båten vil ta. I Ulsteinvik er befolkningstyngdepunktet størst, og det er her flest mogleg har tilgang til båten. Eg meiner at vi som kommune må legge til rette for eit stopp i Ulsteinvik på best mogleg vis, då dette vil skape større sjansar for at eit eventuelt stopp vert lagt her, seier Pål Grødahl i Ulstein Venstre og fortel vidare:

– Ulsteinvik har mogelegheit til å gi eit heilskapleg tilbod om det skulle bli stoppestad her. Vi har ei fin hamn, infrastruktur og allereie eit godt sentrum med fleire tilbod tilgjengeleg.

Eiksund aktuelt med indre lei

Vikebladet Vestposten har tidlegare i juli skrive om eit møte Ulstein kommune har hatt med Kystverket og Fiskeridirektoratet, der eit eventuelt hurtigbåtsamband langs Vestlandskysten med stoppestad i Ulsteinvik vart diskutert. I møtereferatet kjem det fram at kommunen opnar for moglegheita til at båten kan stoppe i Eiksund om han skal gå indre lei, men at kommunen i utgangspunktet går «inn for at sambandet skal gå i ytre lei med Ulsteinvik som stoppestad i vår kommune».

Dette møtet tok stad nokre dagar før formannskapet behandla saka og kom med same oppmodinga til det vidare arbeidet med hurtigbåtsambandet.

Turisme

– Eit hurtigbåtanløp er viktig for sentrumsutvikling. For Ulstein Venstre sin del hadde det difor vore naturleg for sentrumsutviklinga i Ulsteinvik at vi hadde ein stoppestad her, seier Grødahl.

Han meiner det er viktig å klargjere kva formål båten skal ha, om den skal brukast til rein transport eller om båten også er aktuell i samband med turisme.

– Vi vil utvikle Ulsteinvik på fleire område. Det ligg eit potensial for turisme som vi meiner er naturleg å vidareutvikle og eit hurtigbåtanløp er utvilsamt eit naturleg ledd i ein slik prosess, seier Venstre-politikaren og legg til:

– Det kan også vere viktig å formidle kva formål eit eventuelt stopp har mogelegheita til å ha, og difor er det viktig at kommunen signaliserer kva ein ynskjer å gå vidare med og bygge rundt eit eventuelt anløp i Ulsteinvik.

Pål Grøndahl Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll (Arkiv)