- Her kan bebuarane gå ut på eiga hand, utan å kjenne seg påpassa.

Einingsleiar på skjerma avdeling på Hadartun, Nina Ulstein, er glad for at sanseprosjektet no er ferdig.

Inne er det eige sanserom, som har gjenstandar frå eldre tid.  Ulstein fortel at gjenstandane er både kjøpt, fått og lånt.  Ho nemner spesielt Jenny Korsnes, som har lånt ut mange maritime gjenstandar.

Universell utforming

Skjerma avdeling har sytten bebuarar.  Dei er frå tidleg i 70-åra til nesten 100 år.

Torsdag var også dei pårørande inviterte til markeringa av at sansehagen no er ferdig.  Hagen har bærbusker, flaggstong, klestativ og sitjeplassar.

- I tillegg har området universell utforming, det betyr at bebuarane kan kome seg til og frå, også viss dei brukar rullestol eller rullator, seier Berit Aasen, kommunalsjef for sektor for velferd i Hareid.

Flagg og takk

Flaggstonga vart montert torsdag morgon, så flaggheisinga markerte opnina av hagen.

- Det er mange å takke, sa Berit Aasen, men eg må få lov til å rose Nina Ulstein, som har vore primus motor i prosjektet. Ho har hatt ansvar for pynting og planting, og så har ho til og med involvert både mann og born.

- I sansehagen kan bebuarane kjenne frisk luft og plukke seg bær, fortl Nina Ulstein.