Politiet i Møre og Romsdal skriv laurdag kveld på twitter at dei har fått melding om eit raudt lys på Moltustranda. Dette skal minne om ein naudrakett og politiet har sendt ein patrulje til staden for å sjekke det ut.

Hovudredningssentralen er også varsla om hendinga.

Oppdatering: Politiet skriv i ei oppdatering at det har blitt sendt opp ein rakett frå eit byggefelt, og at politiet avsluttar på staden.