Sist veke sende Fylkesmannen i Møre og Romsdal brev til Ulstein Verft, der dei varslar at det no blir vurdert å pålegge verftet å gjennomføre tiltak for opprydding av forureina grunn.

I brevet kjem det fram at Ulstein Verft er eitt av 100 prioriterte verftslokalitetar i landet som blir følgt opp av miljømyndigheitene som ein del av handlingsplan for opprydding på forureina sjøbotn.

Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen har gått gjennom fleire rapportar utarbeidd av Multiconsult, og det vart tidlegare i år pålagt Ulstein Verft å utarbeide ein tiltaksplan for opprydding av eit mindre område på land aust for dokken. Dette området var ikkje sanert, og var utan fast dekke.

I tiltaksplanen blir det anbefalt ei masseutskifting over eit område på om lag 550 kvadratmeter. Ifølgje brevet frå Fylkesmannen vil det omfatte om lag 1200 tonn masse.

Fylkesmannen skriv vidare at dei meiner massane i dette området utgjer ein uakseptabel risiko for spreiing slik dei ligg i dag.

”Vi meiner at det må utførast tiltak for å redusere forureina i området til eit akseptabelt nivå og varslar difor no at vi vurdere å pålegge tiltak i tråd med Multiconsult sin tiltaksplan”, heiter det i brevet.

Fylkesmannen meiner ein også må vurdere å legge fast dekke på området etter sanering, slik at det vil verte lettare å gjere reint etter forureinande aktivitetar.

”Dette må vurderast opp mot eventuelle ulemper med fast dekke i forhold til dei driftsaktivitetar som blir utført. Dersom det ikkje blir etablert fast dekke, må det etablerast rutinar for å sikre at grunnen ikkje på nytt tilførast uakseptabel forureining som akkumulerast.

Ulstein Verft har fått frist til 31. august med å kome med kommentarar til varselet.