Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Møre og Romsdal, Trøndelag og Sogn og Fjordane. Det er venta til dels svært kraftige byger i desse områda frå sundag ettermiddag.

På våre kantar er det truleg måndag det blir størst sjanse for nedbør, og truleg meir i indre strok enn i ytre.

Det er venta såpass mykje nedbør at NVE melder om fare for både lokale oversvømmelsar og jord/flomskred i dei områda der det kjem mest nedbør.

Ifølgje Yr.no kan det kome til dels mykje nedbør på Hareidlandet måndag ettermiddag, men det er venta at ein skal få betre vêr allereie tysdag.