Rundt 1960 var det opp til 1000 sandsvaler som hekka i grustaket på eigedomen til Ragnvald Bjåstad på Bjåstad. Men så skulle det byggjast ny riksveg mellom Hareid og Ulstein, og med nokre gravemaskinjafs var heile reirkolonien fjerna midt i hekketida. – Det hadde nok ikkje vore lov i dag, kommenterer ornitolog Kjell Mork Soot.

Han fortel at dei aller siste sandsvalene forsvann då golfbana i Hovdemyrane vart etablert.

Sandsvala er i dag på raudlista over truga fugleartar, og ifølgje Mork Soot har bestanden i Noreg minka med 85 prosent sidan 1980-talet.

Etter å ha lese ein artikkel i «Vår fuglefauna» om nokre skotske fugleentusiastar som hadde gått i gang med å byggje ein kunstig sandsvalekoloni i Sørvestlege Skottland, tenkte Kjell Mork Soot at noko liknande kunne vere løysinga også i Noreg. Saman med Stian Moldskred gjekk han i gang med å byggje eit sandsvalehus på eigedomen sin ned mot Grimstadvatnet. Huset stod ferdig i 2011, og sidan har fugleentusiastane kvar vår venta på at sandsvala skulle ta over nokre av dei i alt 454 «leilegheitene» i sandsvaleblokka. Men det skulle altså gå sju år før det vart napp.

– Tre par, alle i den øvste etasjen, har til saman klekt ut 11 ungar denne våren og sommaren.

– Eg reknar med at ungane kjem tilbake med makar neste år, og ser ikkje bort frå at her om nokre år hekkar 100 sandsvaler, smiler Kjell Mork Soot.

Fuglane har i alle fall etablert seg rett i eit bugnande matfat. Mork Soot fortel at målingar som Tore Christian Michaelsen i Norsk Zoologisk Forening har gjennomført, er Grimstadvatnet det mest insektrike vatnet på Sunnmøre.

– Eit låvesvalepar fangar om lag 12 kg insekt i løpet av hekketida, og eg reknar med at sandsvalene fangar om lag det same, seier Mork Soot. Sandsvalene brukar å kome til Sunnmøre i midten av mai og reiser til varmare strøk i august/september. Då set dei kursen over Middelhavet, vidare til Zenegaldeltaet og Sahel-området sør for Sahara.

Fuglar: