Dette kjem fram i ei utlysing på kommunen sine heimesider.

Kommunen ber interessentar med tomter som er egna til oppføringa av eit slikt bygg om å gi eit tilbod til kommunen innan onsdag 9. august.

Kommunestyret har tidlegare vedteke at helsehuset skal setjast opp i nærleiken av "miljøgata" i Hareid sentrum. Kommunestyret må godkjenne ein eventuell intensjonsavtale, som kommunen no tek sikte på å forhandle fram. Dei ulike alternativa skal leggast fram til politikarane på kommunestyremøtet den 7. september.

- Om dei aktuelle tomtene treng omregulering, så treng vi tida, seier ordførar i Hareid kommune, Anders Riise.

Han nemner at kommunen frå før av har tre aktuelle tomter, og at denne utlysinga ikkje gjer desse mindre aktuelle.

- Vi ynskjer å auke tal alternativ og gi kommunestyret mogelegheita til å velje mellom fleire tilbod. Dette er ikkje noko steg tilbake, i staden trur vi dette vil auke tempoet på utbygginga, seier Riise.

Tidlegare i sommar vart det klart at Hareid kommune hadde leigt inn selskapet Hammerø & Storvik som prosjektleiarar for Helsehuset.

Hareid legesenter (Akrivfoto).