- Her har du ei brosjyre! sa den kjende politikaren til dei ho, Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) og gruppeleiar i Ulstein Framstegsparti, Alf Johan Antonsen, møtte på Blåhuset måndag ettermiddag.

Somme takka også pent nei til ei brosjyre frå innvandrings- og integreringsministeren. Innan politikken er det jo som i livet elles, meiningane er delte. Det er framleis ei stund igjen til valet tek av for alvor, men det er inga hemmelegheit at topp-politikarane startar jobben for å få fornya tillit tidleg.

- Eg er først og fremst i regionen for å møte lokalbefolkninga, og for å bli betre kjent både med folket og næringslivet i regionen. Eg har vore i Ulstein og omegn fleire gonger tidlegare, men eg blir like imponert kvar gong over positiviteten og stå-på-viljen blant folk flest. Vi har mange trufaste veljarar her, men ønskjer sjølvsagt at fleire skal stemme på oss i det komande valet, fortel Listhaug til Vikebladet Vestposten.

- Sterkt industrifylke

Sylvi Listhaug, opphavleg frå ein mjølkeproduserande familiegard i Ørskog, og Framstegspartet sin førstekandidat til Stortinget frå Møre og Romsdal, er klar på at ho ønskjer å kjempe for at innbyggjarane i heimfylket skal få sitt.

- Det er klart. Møre og Romsdal er eit sterkt industrifylke, og vi skal gjere det vi kan for at det skal halde fram slik, seier Listhaug.

Les meir om besøket i denne vekas utgåve av Vikebladet Vestposten, og meir om innvandrings- og integreringsministeren sitt besøk ved Kleven Verft i eiga sak.

Fleire kom bort for å diskutere med Sylvi Listhaug, og meinte det vil bli eit spanande stortingsval til hausten. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.