Leiar for Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre fekk ta ein titt på kjøkkenet då han tok ferja frå Halhjem i Os til Sandvikvåg i Fitjar i tilknyting til valkampturneen på Vestlandet.

Der fekk han sjå korleis ferjemannskapet lagar varemerke nummer éin – svele.

– På heile flåten går det rundt 800.000 sveler i året. Det er 22 av båtane som har kiosk, fortel salsleiar Bente Espelid Sørensen.

Med ein pris på 30 kroner per svele kan det gi omsetning på opp mot 24 millionar kroner i året.

Ein skulle kanskje tru at svelene blir laga på eit industrielt storkjøkken. Men slik er det ikkje. Røra blir laga om bord, og svelene blir steikt på ei stor steikjetakke bak kiosken. Der steiker ein frå tidleg morgon.

På ein vanleg dag kan det gå 16 liter røre berre på ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg.

Støre sa ikkje nei takk til ei smaksprøve. Han fekk ei svele med smør og brunost på.