Ei ung kvinne frå Ytre Søre Sunnmøre er dømd både for å ha oppbevart amfetamin, rispa ei anna kvinne med kniv- og for steling av fire truser.

Saka hennar har vore til handsaming i Søre Sunnmøre tingrett.

Kvinna, som tidlegare sleit med rusmisbruk, gjekk på ein sprekk, og kjøpte det ho trudde var 6 gram med amfetamin. Ho angra, og har opplyst at planen hennar var å levere tilbake eller selje amfetaminen. I bustaden hennar fann politiet tre gram amfetamin, og kvinna har forklart at det ikkje var ho som vog opp amfetaminen. Ho trudde ho hadde kjøpt seks gram.

Ho var også sikta for å ha øvd vald mot ei anna kvinne. Risping med ein kniv, slag med knytta hand mot andletet og lugging.

Retten kom fram til at kvinna handla med forsett, og at ho visste kva ho gjorde.

Med i tiltalen var også tjuveri av fire truser til ein samla verdi på 276 kroner frå ein Cubus-butikk i Trondheim. Retten meiner det er bevist utover ein kvar rimeleg og fornuftig tvil at kvinna gjorde dette i vinnings hensikt.

- Stort skadepotensial

Påtalemakta foreslo at den samla straffa vart sett til 60 dagars fengsel, men at fullbyrdinga av straffa skulle utsetjast med ei prøvetid på to år.

Retten kom til at straffa skulle bli på 30 dagars fengsell. Dersom kvinna klarer å halde seg på rette sida av lova i to år framover, slepp ho fengsel.

Av dei tre postane i tiltalen ser retten mest alvorleg på valdsepisoden, men dei meiner hadde eit stort skadepotensial, særleg bruken av kniv.