(Fjordabladet.no) – Vi er heilt i startgropa med jobben. Til no har vi fått med oss 23 bensinstasjonar frå Hordaland og nordover til Sunnmøre. Under promoteringa i Nordfjord har vi fått med oss ein stasjon i Måløy, stasjonen på Stårheim og Esso på Nordfjordeid. Ideen fekk eg ein gong eg skulle stikke inn på ein bensinstasjon og kjøpe hamburgar rett før stengetid. Hamburgarar var dei utselde for, men dei hadde pølser liggande på grillen. Eg spurde kva dei gjorde med pølsene dei ikkje fekk selt og fekk då til svar at dei skulle kastast. På spørsmål om eg kunne få ei pølse i staden for at dei vart kasta var svaret nei, dei skulle kastast. Då tenkte eg at dette kan vi gjere noko med, seier Kurt Falch Stokke som bur i Oslo, men har røtene sine i Måløy.

Saman med blant anna ulsteiningen Ragnar Hatlø, har dei no utvikla denne applikasjonen. Innovasjon Norge har støtta karane heile vegen, opplyser dei om til Fjordabladet.

Throw no more

Applikasjonen, eller appen, er eit banebrytande konsept for å minske matsvinn. Daglegvarehandelen kastar 70.000 tonn mat per år. Bensinstasjonar og kioskar åleine kastar 4.000.000 pølser per år. Pølser som kunne vore mat for folk. Selskapet som står bak har vi kalla «Throw no more». Meininga er at Throw no more skal gje deg fersk mat til ein billig penge. Det er hundre prosent vinn-vinn for forbrukar, servicenæringa og miljøet, seier Kurt Falch Stokke som bur i Oslo, men har røtene sine i Måløy.

Pølseappen

– Forklar enkelt korleis denne appen skal fungere.

– Veldig enkelt eigentleg. Bensinstasjonar som vi har fått med oss, til dømes Esso på Nordfjordeid, kan ved hjelp av appen ringe inn eit geografisk område og sende ut melding til alle som har mobil i området, at no er det mogeleg å få kjøpt pølser, eller hamburgarar til redusert pris, elles blir maten kasta. Veldig enkelt og effektiv, og det beste av alt er at maten blir ete i staden for å bli kasta, seier Kurt Falch Stokke og legg til at Innovasjon Norge har vore med på prosjektet frå starten av.

Denne saka stod først på trykk i Fjordabladet, og på Fjordabladet sine nettsider.

Heile promoteringsgjengen samla fram for ein 6,5 meter lang rosa limmo. Foto: Tormod Flatebø/Fjordabladet.