(NPK-NTB) – Yrkesfaga er blant dei mest kjønnssegregerte faga, og det er eit vedvarande problem, seier Torbjørn Røe Isaksen til NTB.

Nye tal frå Utdanningsdirektoratet over søknader om skuleplass til vidaregåande skule, viser at dei tradisjonelle kjønnsrollene står svært sterkt i yrkesfaga.

Til utdanningsprogrammet bygg- og anleggsteknikk er det i 2017 totalt berre 4, 5 prosent kvinnelege søkjarar, og hos elektrofag 5, 4. Teknikk og industriell produksjon har ein noko høgare del, med 10, 3 prosent kvinnelege søkjarar.

Helse- og oppvekstfag har derimot ein kvinnedel på 81, 9 prosent søkjarar. Design og handverksfag følgjer hakk i hæl, med 81 prosent.

Nei til kvotering

– Vi må fortsette å synleggjøre utradisjonelle utdanningsval for gutar og jenter, seier Røe Isaksen.

Han meiner det er viktig å vise fram kvinnelege rollemodellar i typiske mannsdominerte yrke og vice versa. Kvotering vil han derimot ikkje høyre snakk om.

– Vi støttar kampanjar i regi av arbeidsgivarar for å vise fram rollemodellar i faga, men vi har ikkje sett ein kvote og vil ikkje tvinge nokon som vil bli helsearbeidar til å bli bilmekanikar, seier han.

Han meiner kvotering til faga blir urettferdig.

– Vi har ikkje andre verkemiddel enn å lokke ungdom, vise fram yrka og dermed påverke ungdom til å velje yrkesfag, med mindre ein vil innføre radikal kvotering. Og det er eg ikkje for, seier han.

Manglar framleis fagarbeidarar

Tala frå Utdanningsdirektoratet viser at det er ein auke i delen søkjarar til yrkesfag, som no er oppe i 49 prosent mot 48 prosent i 2016.

Størst auke i talet på søkjarar har helse- og oppvekstfag. 400 fleire har søkt om studieplass ved helse- og oppvekstfag samanlikna med i fjor, opplyser Stine Grimsrud, pressekontakt i Utdanningsdirektoratet.

Kunnskapsministeren er nøgd med at fleire har søkt seg til yrkesfag i år.

– Det er veldig, veldig bra at fleire har valt yrkesfag i år. Det viser at det ufortent dårlege ryktet som yrkesfag har hatt, er i ferd med å snu, seier han.

Behovet for arbeidskraft innan fagarbeid er stort. Røe Isaksen trekker spesielt fram teknologiske fag, som industriell produksjon.

Og sjølv om fleire vel ei yrkesfagleg retning, er det likevel ikkje nok.

– Vi kjem til å trenge omtrent 100.000 fleire fagarbeidarar enn vi utdannar no, både i privat og offentleg sektor, seier kunnskapsministeren.