Ei kvinne frå Ytre Søre Sunnmøre, som hadde vore på biltur til Stryn, trykte tidlegare i sommar for hardt på gasspedalen då ho skulle køyre heim om natta.

Rundt klokka 03.50 i Hornindal vart gjennomsnittsfarta målt til 132 km/t over ei strekning på 13180 meter, trass i at fartsgrensa var på 80 km/t.

Saka har vore til handsaming i Søre Sunnmøre tingrett, kvinna har tilstått utan atterhald, og ho gav uttrykk for at ho angra på heile bilturen.

Samfunnsstraff og tap av førarkort

Når det gjeld straffeutmålinga viser retten til rundskriv frå Riksadvokaten som seier at dersom ein køyrer mellom 130 og 136 km/t i ei 80-sone, skal det reagerast med samfunnsstraff.

Retten viser også til ein dom i Høgsterett, der farta var 134 km/t i ei 80-sone over ei strekning på 1100 meter.

- I vår sak vart farta 2 km/t under farta i saka for Høgsterett, men til gjengjheld er strekninga i vår sak vesentleg lenger, 13180 mot 1100 meter. Vår sak er såleis meir alvorleg fordi skadepotensialet vil auke når strekninga aukar. Sikta hadde også to passasjerar i bilen, noko som også er straffeskjerpande, heiter det i sakspapira frå Søre Sunnmøre tingrett.

Dommen vart samfunnsstraff i 36 timar, med ei gjennomføringstid på 90 dagar, subsidiært fengsel i 18 dagar.

I tillegg blir vkinna utan førarrett i ni månder.