Politiet har den siste veka avhøyrt naboar, arbeidskollegaer og andre som har tilknyting til dei tre sikta mennene i saka, melder NRK Møre og Romsdal, som først skreiv om saka.

Kvinna har forklart at ho vart overfallen og valdteken av tre ukjende menn då ho gjekk på fjelltur. Ho skal etter kvart ha klart å varsle om det som skjedde.

Hendinga skal ha skjedd tysdag i førre veke, og dei tre mennene, som alle er frå austeuropa, var på frifot i eit døgn før dei vart huka inn og sett i varetektstfengsel i Ålesund.

Store ressursar sett inn

Etterforskingsleiar Robert Hjelmeseth ved Ålesund politistasjon seier til NRK at dei har sett inn store ressursar for å finne ut kva som skjedde på Søre Sunnmøre sist tysdag, og at han opplyser at tekniske bevis støttar det kvinna har fortalt.

Hjelmeseth kan ikkje gå i detaljar om kva som har kome fram av opplysningar. Dette fordi det kan skade den vidare etterforskinga.

- Men eg kan seie at etterforskinga har styrka oss i trua på at det har skjedd eit alvorleg straffbart forhold, seier han til NRK.

Kvinna opplever støtte

Ingen av dei tre mennene har vedgått å ha valdtatt kvinna, og alle nektar for straffeskuld.  Berre ein av mennene har vedgått at han var på staden, men han skal ha forklart at dei to andre også var der.

Mette Ekroll Nyland, bistadsadvokat for kvinna i 30-åra, opplyser at kvinna har tatt det svært tungt, men at ho opplever stor støtte i bygda. Ho har forklart at ho ikkje hadde sett dei tre mennene før dei gjekk til angrep på henne.